Det er mange måtar å komme seg fram på.
Ein gong i tida nytta dei hest og kjerre til å reise langs vegane. Men før vegane kom låg fjorden og sjøvegen der. Kvifor ikkje ta denne ferdselsvegen i bruk att? Eg veit at det går enkelte ruter mellom større tettstader, men det bur folk andre stader også.( Sjøl om det er politikarar som gjer alt dei kan for å endre på dette.)
Eg stiller meg undrande til kvifor det ikkje går fleire båtruter som bind saman distrikt og by. Kan det vere at dei som er sett til å bringe oss frå a til å, kun har interesse av kva som tener det enkelte selskap?
Det siste eksempelet er opprettinga av hurtigbåt mellom Knarvik og Bergen. Eit godt eksempel på at enkelte av oss, som har sett kva som er i ferd med å skje.Har i motsetnad til politiske myndigheiter forstått at noko må gjerast. Sjølsagt har dei ikkje gått fram på rette måten, for at Fylkeskommunen, som har ansvaret for samferdsla, skal kunne gje støtte til denne ruta. Men er det slik at dei som sit med det politiske ansvaret, ikkje har rom for å kunne gje støtte til eit slikt tiltak? Då er det kanskje på tide å gjere noko med reglane og heller samarbeide med dei som ser fornuften i denne form for transport?
For ein del år sidan minnest eg, vart det laga ei form for prognose. Denne kunne visa at det gav mindre forureining å kryssa ein fjord via bru, med same antal bilar, som å ta dei med ei ferge. Men då samanlikna dei nye bilar med moderne motorar, med ei ferge der dei nytta tungolje til å drive den fram. (Usikker på om dei hadde teke med i reknestykket, kor mykje forureining slitasje på vegane og vedlikehald av desse kostar for samfunnet.)
Dersom me vil at det skal bu folk andre stader enn i byar og tettstader, er det på høg tid at me seier frå. Me må få politikarar som ser at noko må gjerast og det straks. Det er for lett å skulda på alle andre, slik Monica og co gjer i Bergen, i staden for tenkje nytt, med basis i gamal kunnskap. Det vert ofte sagt, særleg i finne talar til folket, at erfaringa den enkelte sit inne med, må takast vare på og nyttast for framtida.
Til deg som er ungdom. Gje di melding om kva du vil og kvifor. Hugs! Det er du og ingen andre som må ta ansvaret for di eiga framtid!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar